Gjennom ein sommarjobb kan ungdom få ei sterkare tilknyting til heimstaden sin, samtidig som du som arbeidsgivar får sjansen til å bli kjent med morgondagens arbeidskraft. Dette bidreg til å gjere Vestland endå meir attraktiv som ein plass å leve og arbeide.
Vil du ha med din virksomheits sommarjobb på sommarjobbivest.no?
Det er superenkelt! Berre legg ut sommarjobben på arbeidsplassen.nav.no med eit par hashtags.
- Legg ut sommarjobben på arbeidsplassen.nav.no
- Heilt nederst i stillingsteksten legg du til #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
- Då vil sommarjobbivest.no plukke opp din sommarjobb og ta den med i kampanjen.
- Etter eit par timar vil sommarjobben du har lagt ut dukke opp her
Les mer om hvordan du som arbeidsgiver kan benytte Sommarjobbar i Vest
Om Sommarjobb i Vest
Sommarjobb i Vest er ein kampanje skapt for å vise fram dei unike moglegheitene som finst for ungdommar i fylket vår. Vi ønskjer å legge til rette for at ungdom får prøve seg i relevante jobbar hjå lokale bedrifter. Ein sommarjobb kan bli ei verdifull erfaring og ein døråpnar for vidare utdanning og jobb.
Vårt langsiktige mål er å sikre framtidig rekruttering og vekst i fylket. Ved å synleggjere kva arbeidslivet i Vestland kan by på, håpar vi at fleire unge vel å bli, busette seg, og utvikle seg her.
Kampanjen er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, NHO og NAV. Fana Sparebank, Sparebanken Vest og Sparebanken 1 Sogn og Fjordane er med og støttar kampanjen. Saman kan vi skape eit sterkare og meir inkluderande Vestland!