Næringsalliansen

Næringsalliansen Vestland er eit samarbeid mellom 17 næringsråd og -foreiningar i heile Vestland fylke.

Næringsalliansen Vestland er samansett av 17 næringsråd og -foreiningar frå heile fylket. I 2025 har alliansen gjennomført fire møte, og det har vore lagt vekt på å styrke samarbeidet på tvers av regionen.

Formål og strategi

Samarbeidsavtalen for Næringsalliansen Vestland understrekar at alliansen skal danne grunnlag for tettare og meir inkluderande samhandling mellom dei private næringsorganisasjonane i fylket. Fire sentrale mål er definerte:

  • Ei sterkare røyst i arbeidet med påverknad og interessepolitikk, med vekt på regionalt og nasjonalt nivå.
  • Felles plattform i dialogen med Vestland fylkeskommune.
  • Samla oppslutnad om utvalde saker, inkludert rolla som høyringsinstans.
  • Kunnskapsdeling og erfaringsutveksling mellom organisasjonane.

Viktige saker i 2026

Kompetanse
Arbeidet med å sikre god tilgang på kompetanse må intensiverast. Dette handlar om å styrke utdanningstilbodet i heile fylket, slik at unge menneske veljer å bu og arbeide her. Det handlar også om å gjere regionen meir attraktiv for andre som ønskjer å flytte hit. Næringsalliansen må framleis vere ein tydeleg aktør i denne debatten.

Infrastruktur
Kampen for betre samferdsle vil vere like aktuell i 2026 som i år. Ferjefri E39 og fylkesvegnettet må prioriterast, og vi må sjå konkrete framsteg.

Tilgang på kraft
Kraftsituasjonen vil vere eit hovudtema også i 2026. Vi må sikre raskare og meir effektive prosessar, slik at næringslivet får føreseielege rammevilkår.

Omstilling
Kompetansen som er bygd opp innan olje og gass, maritime næringar og prosessindustri, er eit sterkt konkurransefortrinn. Det er eit viktig fundament for nye og grøne industriløysingar, som til dømes fornybar energi og karbonhandtering. Det opnar seg også heilt nye utsikter når Forsvaret no skal mangedoble investeringane, ikkje minst knytt til Sjøforsvaret og Vestlandet. Det er svært interessant, men også krevjande for verksemder å posisjoner seg som aktuelle leverandørar.

Næringsalliansen vil støtte opp under dette arbeidet, i samarbeid med Bergen Næringsråd.

Dialog med politikarane
God kontakt med politikarar på Stortinget, i fylkeskommunen og i vertskommunane vil vere avgjerande også i 2026. Gjennom slik dialog kan vi påverke avgjerslene som formar rammevilkåra for næringslivet i Vestland.


Resultat og måloppnåing i 2025

Arbeidet med å nå dei strategiske måla har i 2025 gitt gode resultat. Alliansen har styrkt posisjonen sin som ei røyst for næringslivet i Vestland, både regionalt og nasjonalt.

Kontakten med politisk og administrativ leiing i Vestland fylkeskommune har vore god. Fylkeskommunen verdset innspela frå alliansen, og vi opplever at vi vert lytta til i saker som gjeld næringslivet.

Eit høgdepunkt i 2025 var møtet med vestlandsbenken på Stortinget i april. Her fekk alliansen løfte fram sentrale saker som påverkar medlemsverksemdene våre. Særleg vart havbruk, turistskatt og formuesskatt grundig drøfta med representantane frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Slike møte er avgjerande for å sikre at utfordringane til næringslivet i Vestland vert høyrde der avgjerslene vert tekne.

Fleire medlemsorganisasjonar deltok aktivt på Arendalsveka, der dei medverka til konstruktive debattar og nettverksbygging.

Erfaringsutveksling og deling av arbeidsmetodar er framleis ein kjerneverdi i alliansen. Medlemsorganisasjonane er svært ulike i storleik og ressursar, men alle har god nytte av å lære av kvarandre sine løysningar og tilnærmingar.

Rekruttering
Ei av dei største utfordringane for næringslivet i Vestland er tilgangen på kvalifisert arbeidskraft. Mange bransjar slit med å rekruttere folk med rett kompetanse. Dette gjeld både for større og mindre verksemder, og i alle delar av fylket. For å møte desse utfordringane, er det avgjerande at vi vernar om og utviklar dei vidaregåande skulane i heile fylket. Elevane må få gode faglege tilbod der dei bur, slik at dei kan velje utdanningar som næringslivet etterspør. Høgskular og universitet i regionen må også sikrast gode rammevilkår, slik at dei kan levere kandidatar med relevant kompetanse.

Næringsalliansen meiner det er naudsynt med ei heilskapleg tilnærming til kompetansebehovet. Dette inkluderer fagopplæring, lærlingordningar og eit utdanningstilbod som er tilgjengeleg i heile fylket. Berre slik kan vi sikre at verksemdene får den arbeidskrafta dei treng for å vekse og utvikle seg.

Samferdsle og mobilitet
Vestland konkurrerer med andre regionar om investeringar, arbeidsplassar og vekst. For å styrke posisjonen vår, er effektiv samferdsle heilt naudsynt. Ein ferjefri E39 er ikkje minst avgjerande for å binde regionen tettare saman og styrke konkurransekrafta. Like viktig er det å få på plass langt meir omfattande investeringar i vedlikehald av fylkesvegnettet og rassikring. Dei mange vegstrekningane som er i dårleg stand, utgjer ei alvorleg utfordring for næringslivet. Dårlege vegar kostar tid, pengar og i verste fall liv.

Næringsalliansen vil halde fram kampen for betre samferdsle i Vestland, og vi forventar at styresmaktene prioriterer dette langt høgare enn dei gjer i dag.

Nok kraft når vi treng det
Det grøne skiftet kan berre gjennomførast dersom næringslivet i Vestland får tilgang på tilstrekkeleg elektrisk kraft. I dag ser vi fleire døme på at investeringar vert utsette eller flytta til andre stader fordi kraftsituasjonen er usikker. Dette er heilt uakseptabelt.

Verksemdene treng føreseielege prosessar og raskare handtering av søknadar om nettilknyting. Dersom vi ikkje lukkast med å løyse desse utfordringane, vil vi miste viktige arbeidsplassar og investeringar til andre regionar. Næringsalliansen vil framleis arbeide målretta for å sikre at Vestland får den krafta vi treng.

Andre engasjement
Gjennom året har Næringsalliansen Vestland vore involvert i fleire andre saker og samarbeid. Vi er representert i Næringsforum Vestland og deltek aktivt i One Ocean Havbyen Bergen. Vi står også bak fleire medlemsundersøkingar som har gitt viktig innsikt i korleis situasjonen er for verksemdene i heile fylket.

Bergen Næringsråd fungerer som administrativ ressurs for alliansen. Verksemda er finansiert hovudsakleg gjennom medlemskontingent, og i 2025 har vi igjen fått særs verdfull stønad frå Sparebanken Vest.

Høyringsfråsegn frå Næringsalliansen Vestland

Spørsmål? Kontakt Espen

Espen Børhaug

Kommunikasjonsleder