Vi siglar til Fjordtinget! - Program
Dag 1: Mandag 22. mai
- Ombordstiging Statsraad Lehmkuhl mellom 17.00 og 17.30, Bradbenken I Bergen
- Avgang 18.00
- Middag og fagleg program fram til 22.00
- Nattero og overnatting i hengjekøye 23.00
Dag 2: Tirsdag 23. mai
- Innkomst Øystese ca. kl. 08.00
- Frukost, morgonbad og ilandstigning
- Fjordtinget vert samla i kulturhuset Kabuso
- Lunsj på Hardangerfjord Hotel
- 17.00 Ombordstigning for gjestene, skuta ligg for anker
- Fjordtingsgilde om bord på Statsraad Lehmkuhl
- Middagsgjestane som ikkje skal vere med til Bergen, går i land etter middagen
- Skipet set kurs for Bergen, med gjestane om bord, avslutting om bord og overnatting i hengjekøye.
Innkomst Bergen 24. mai ca. kl. 08.00 om morgonen.
Konferanseprogram 23. mai
«Me berre gjer da!»
Kl 09.00 Registrering og kaffi
Kl 10.00 Opning og velkomst

Claus Sellevoll
Vikingskald

Torgeir Næss
Ordførar i Kvam herad

Inge Halstensen
Fiskebåteigar og gründer
Sesjon 1 : Vestlendingen i den kalde tida
Ut av vestlandsopprøret i vinter steig «Aksjon for norsk eigarskap». Kampen står om formuesskatt på arbeidande kapital, som er særleg utfordrande for familieeigde vestlandsselskap.

Knut Flakk
Industribyggar og leiar av «Aksjon for norsk eigarskap»

Lene Trude Solheim
Styremedlem i «Aksjon for norsk eigarskap» og administrerande direktør i Næringsforeininga i Ålesund-regionen

Irene Perly Kjelby Wergeland
CEO i Wergeland AS, som mellom anna monterer vindturbinar i Gulen
Paneldebatt

Linda Monsen Merkesdal (Ap)

Hans Inge Myrvold (Sp)

Alfred Bjørlo (V)
11.30 PAUSE
Sesjon 2: Entusiastane fortel
Industrianalyse Vestland syner at ei sterkare kopling mellom fornybar energi, prosessindustri og systemindustri fører til auka verdiskaping. Analysen gir óg klåre tilrådingar til politikarane.
Ingvald Torblå
Styreleiar i Hardanger Industri, eigar og administrerande direktør i Odda Technology
Ingunn Aanes
Senior manager, Ernst & Young
Kompetansesenteret for robotteknologi – KORT – har sitt utspring i verksemder på Osterøy som har lukkast med robotisering. Betre tilgang på arbeidskraft, framtidsretta kompetanse og store overføringsverdiar til andre sektorar kjem ut av dette samarbeidet med Vestland fylke og Osterøy vidaregåande skule.

Vidar Tufteland
Prosjektleiar, Kompetansesenteret for robotteknologi

Tobby Sander Tomassen
Dagleg leiar, Osterøy Utvikling AS
«Rein Hardangerfjord», den største plastryddeaksjonen i verda i sitt slag, vart fødd på Fjordtinget. Kva vart resultatet hausten 2022 og kvar går ferda vidare?
Kenneth Bruvik
Leiar i Framtidshavet og mottakar av Kongens fortjenstmedalje
No er det vanleg natur sin tur
Ragnhild Gya
Naturvernforbundet Hordaland

Fjordtinget vedtok samrøystes i 2022 å etablere eit tverrfagleg prosjekt for reinare og rikare Hardangervassdrag. Sterke aktørar innan forsking, næringsliv, det offentlege og interesseorganisasjonar skal ta del i arbeidet. Kva er status no, og kva overføringsverdiar ligg i eit slikt samarbeid?
Erlend Haugarvoll
Dagleg leiar i Lingalaks
13.00 LUNSJ
Sesjon 3: Byen og regionen
Det grøne skiftet byr på særlege utfordringar og moglegheiter for næringslivet på Vestlandet. Samarbeidet mellom byen og regionen vert løfta fram som ein avgjerande faktor, mellom anna i prosjekta Havbyen Bergen og Grøn Region Vestland. Er dette berre prat, eller går by og land omsider hand i hand?
Samlokaliseringa Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet på Dokken i Bergen har møtt kvist, men Stortinget såg til at prosessen vert ført vidare. På Fjordtinget deler to heilt sentrale aktørar sine felles visjonar for samlokaliseringa. Korleis kan dette medverke til å forsterke Bergen si rolle som Havbyen – og korleis vil heile det marine miljøet på Vestlandet merke ein skilnad?

Frank Bakke-Jensen
Direktør, Fiskeridirektoratet

Nils Gunnar Kvamstø
Direktør, Havforskingsinstituttet
Nr. 2-regionen
Barcelona, Rotterdam, Göteborg, Hamburg og Manchester. Stolte, energiske byar med eigenart, identitet og kultur. Byar som spelar på lag med regionen dei tilhøyrer. Dei dyrkar dette og bryr seg katten om at dei er nummer to i heimlandet. Nett slik som Bergen bør gjere. Nr.2-debatten har sett fyr på Bergen, og det er gode grunnar til å ta ordskiftet med til Fjordtinget.

Sølve Rydland
Politisk redaktør i BA

Jon Askeland
Fylkesordførar, Vestland fylkeskommune
Haakon A. Thuestad
Strategi- og kommunikasjonsdirektør, Kode
PAUSE
Sesjon 4: Fjordtinget leverer 2023
Eit godt fjordting skal gjere gode vedtak! Vi skal samle oss om nye, konkrete prosjekt og arbeider i grupper for å utforme dette.
16.30 Vi gjer oss klar for fjordtingsgilde om bord på Statsraad Lehmkuhl.
Dei som ynskjer det, skal få komme trygt i land på kvelden. For andre held forhandlingane fram utover kvelden og natta fram til Fjordtinget er offisielt avslutta ved innkomst på Bergen hamn kl 08.00 neste dag.