Velkomen til Fjordtinget - Program
På Fjordtinget møter du mellom andre desse
Jon Askeland (Sp), fylkesordførar, Vestland
Monica Mæland, administrerande direktør, Bergen Næringsråd
Ove Trellevik (H), stortingsrepresentant
Nina Møgster, dagleg leiar, Lingalaks
Haakon Vatle, direktør, Stiftinga Statsraad Lehmkuhl og ekspedisjonsleiar, One Ocean Expedition
Merete Mikkelsen, direktør, Vest-Norges Brüsselkontor
Øyvind Wæhle, administrerande direktør, Voss Resort
Roy Egil Stadheim (Ap), ordførar i Vik i Sogn
Benedicte Kragh (Ap), varaordførar i Voss herad
Geir Lasse Taranger, avdelingsdirektør, Havforskningsinstituttet
Terje Breivik, administrerande direktør, Stiftinga Akvariet i Bergen
Nils Henrik Geitle, administrerande direktør, De Historiske
Atle Kvamme, dagleg leiar, K5-alliansen
Claus Sellevoll, vikingskald og skodespelar
Espen Børhaug, kommunikasjonsleiar, Bergen Næringsråd
Reinare og rikare Hardangerfjord og vassdrag
Fjordtinget har tidlegare gjort vedtak om at ikkje berre Hardangerfjorden, men óg vassdrag og elver i Hardanger, skal reingjerast. I fjorden ser vi i år at den tredje store ryddeaksjonen vert sett i gong.
På Fjordtinget 2024 får du vite meir om korleis fjord, elver, fjell og menneskeleg aktivitet heng saman. Då må vi identifisere hovudproblema og problemeigarane og saman setje i verk tiltak som gir vesentlege forbetringar. Ein prosjektmodell skal og kunne overførast til andre tilsvarande økosystem.
Fjord møter fjord
Bergen + Sogn + Hardanger = Sant!
K5 Bergen – Voss er i støypeskeia. Ny veg og jernbane vil sikre tryggare og snøggare transport. Men K5 vil óg utløyse ny verdiskaping. Saman med ein ny tunnel under Vikafjellet og vegen mellom Voss og Hardanger, utgjer K5 eit T som kan knytte to av dei lengste og mest vidgjetne fjordane i verda saman.
Kven vil vere med og samarbeide om dette?
Ny vikingferd mot Grønland og Nordvestpassasjen
Statsraad Lehmkuhl, som vitja Fjordtinget i 2023, skal ut på ein ny One Ocean Expedition, denne gongen gjennom sjølvaste Nordvestpassasjen. Korleis skal dette gå til, og kva oppnår ein med dette? Er det kanskje til og med høve til å vere med på delar av ferda?
Europa og Vestlandet
Vestlendingen har drive med eksport sidan vikingtida. Tusen år seinare er Vestlandet framleis ein av regionane som har høgast eksportinntekt pr innbyggjar i heile Europa. Det gjer også Vestlandet aller mest sårbar for svingingar utanfor eigne landegrenser - og politikken som vert ført i EU.
I juni vart 720 politikarar valde til EU-parlamentet for dei neste fem åra. 90 prosent av vedtaka vert del av norsk lovgivnad. Klimapolitikken er no utsett for ein "greenlash", ustabil geopolitikk gjer EU og andre stormakter meir proteksjonistiske, globaliseringa er på retrett og krig i Europa endrar svært mykje.
Kva konsekvensar får dette for næringslivet på Vestlandet?
Når skal havbruksnæringa verte vaksen?
Dårleg dyrehelse, høge døyingstal, eit dalande omdøme og ei lang rekkje rettssaker. Er dette forteljinga om den norske havbruksnæringa i 2024? Er næringa vaksen nok til å erkjenne utfordringane og løyse desse i siviliserte former?
Ingen samlingar høver betre til slikt enn Fjordtinget!
Det vert sett av god tid til drøftingar undervegs. Målet er at Fjordtinget også i 2024 skal gjere vedtak som står seg og fører til konkrete endringar.
Workshop: Vesentlegheitsanalyse for havbruk på Vestlandet
Kva er vesentleg for havbruksselskapa i Vestland? Vi inviterer deg til å bli med på ein «live» vesentlegheitsanalyse på Fjordtinget!
Verda står ovanfor store miljømessige og sosiale utfordringar, og havbruksnæringa er ikkje noko unntak. For å sikre ei berekraftig framtid, må vi identifisere og prioritere dei områda som innverkar mest på verksemder og interessentar.
Workshopen blir etterfølgd av ein debatt om tema som kjem fram og korleis desse bør handterast.