Kva bremsar byutviklinga i Bergen?

No veit vi ikkje berre kva som tek tid, men også kvifor det skjer. Høgskulen på Vestlandet har dykka ned i planprosessar, gjennomgått planar og intervjua nøkkelaktørar. Resultatet blir presentert 30. april.

Arrangementsinfo

Priser
Medlem
Kr. 0,-
Ikke-medlem
Kr. 590,-

* Alle priser er eks. 25% mva.

Planprosessar og reguleringstid har vore diskutert i Bergen i ei årrekke. Mange rapportar og undersøkingar har forsøkt å forklare kvifor det tek så lang tid, utan at ein eigentleg har kome så mykje vidare.

I ein ny studie har Høgskulen på Vestlandet gått tett på prosessane, dykka ned i konkrete plansaker og intervjua forslagsstillarar, plankonsulentar og saksbehandlarar. På frukostmøtet presenterer forskarane funna sine.

Og kan rapporten medverke til å samle byutviklingsaktørane om ei felles forståing av utfordringane? I møtet skal vi diskutere vegen vidare mot ein meir føreseieleg og effektiv planprosess i Bergen kommune.

I samarbeid med

Våre hovedsamarbeidspartnere