Har Bergensområdet straum nok til å vekse?

Bergensområdet treng meir nettkapasitet for å sikre vidare næringsutvikling, elektrifisering, beredskap og grøn omstilling. Samstundes ligg tredje forbindelse mellom Samnanger og Kollsnes an til å kunne stå klar først om ti år. Bergen Næringsråd og Eviny inviterer til frukostmøte om kvifor nettutbygging no er blitt ei av dei viktigaste næringspolitiske sakene for regionen — og kva som må til for å få raskare framdrift.

Arrangementsinfo

  • Tirsdag 15. september 2026 kl. 08:30 - 10:00
  • Kulturhuset i Bergen
  • Påmeldingsfrist: mandag 14. september kl. 12:00
Priser
Medlem
Kr. 0,-
Ikke-medlem
Kr. 590,-

* Alle priser er eks. 25% mva.

Bergensområdet treng meir nettkapasitet for å sikre vidare næringsutvikling, elektrifisering, beredskap og grøn omstilling. Samstundes ligg tredje forbindelse mellom Samnanger og Kollsnes an til å kunne stå klar først om ti år.

Denne våren har eit breitt fleirtal på Stortinget erkjent at nettkapasitet er ei nasjonal utfordring. Samstundes konkurrerer fleire regionar no om å bli prioriterte først når kapasitet, investeringar og konsesjonskraft skal fordelast. Det gjer det endå viktigare at Bergensområdet står samla om behovet for raskare nettutbygging.

Tredje forbindelse mellom Samnanger og Kollsnes blir rekna som det viktigaste enkeltprosjektet for å styrkje kraftforsyninga inn mot Bergensområdet og dei ytre delane av regionen. Prosjektet skal gi betre forsyningstryggleik og større handlingsrom for næringsliv, industri og elektrifisering.

Slik framdrifta ser ut no, kan linja først stå klar rundt 2036. For mange verksemder som allereie treng meir kapasitet, er det for seint.

På dette frukostmøtet samlar vi sentrale aktørar frå kraftsektoren, næringslivet og politikken til ein konkret samtale om kva som står på spel, kvar prosessen står no, og kva som må til for å få meir tempo i nettutbygginga.

Vi spør:

  • Har Bergensområdet straum nok til framtida?
  • Kvifor er tredje forbindelse så viktig for regionen?
  • Kva konsekvensar får manglande nettkapasitet for næringslivet?
  • Korleis kan regionen bli tydelegare i kampen om nasjonale prioriteringar?
  • Kva må til for å få raskare framdrift i store nettprosjekt?

I samarbeid med

Våre hovedsamarbeidspartnere