Fjordtinget 2026: Kva skal til, Vestland?

Det er uro både ute og heime. På Vestlandet skal vi likevel navigere mot det vi gjer best: Å skape verdiar og arbeidsplassar. Korleis gjer vi dette? Kva skal til? Desse spørsmåla stiller vi på Fjordtinget i Hardanger den 17. juni.

Arrangementsinfo

  • Onsdag 17. juni 2026 kl. 10:00 - 16:30
  • Kunsthuset Kabuso i Øystese, Hardanger
  • Påmeldingsfrist: fredag 12. juni kl. 12:00
Priser
Billett inkludert lunsj
Kr. 1 950,-
Billett inkludert lunsj og middag
Kr. 2 845,-

* Alle priser er eks. 25% mva.

Vestlandet står midt i eit vegskilje. Internasjonale drag tvingar fram nye tankar. Strukturendringar i næringslivet, svak demografisk utvikling og stor avstand mellom Vestlandet og Stortinget utfordrar verdiskaping langs fjordane. Samstundes finst løysingane alt no – i bedrifter som lukkast, i kunnskapsmiljø og i lokalsamfunn som tar ansvar.

For sjette året på rad skal leiarar frå næringslivet, politikarar, forskarar og interesseorganisasjonar samlast på Fjordtinget i Hardanger den 17. juni.

Dette er nokre av sakene vi skal drøfte og forstå betre etter Fjordtinget:

  • Krigar og uro pregar Europa og verda elles. Korleis kan dette påverke vestlandsk verdiskaping?
  • Kven vinn kampen om folk og arbeidsplassar? Kva kjenneteiknar kommunane som lukkast?
  • Øystese kan verte den nye cruisehamna i Vestland. Korleis kan dette gjerast på ein berekraftig måte, og kva verdiar vert skapt som følgje av dette?
  • Kven skal forsvare dei familieeigde bedriftene, sjølve ryggraden i det vestlandske næringslivet?
  • Finst det ei framtid for havbruk i vestlandsfjordane?
  • Og som om ikkje det var nok:
  • Filmselskapet Aldeles viser Havfolket. Det er eit praktverk av ein film, som også fortel korleis vestlendingen har levd tett på kysten og havet.

Fjordtinget er sterkt inspirert av tingsamlingane i vikingtida. Då vart konfliktar lufta, stundom løyste, og folk møttest til sosialt samver. På Fjordtinget i Hardanger kring tusen år seinare ønskjer vi å få til mykje av det samme. Du er hjarteleg velkomen til tingsamlinga!

I samarbeid med

Våre hovedsamarbeidspartnere