Næringsalliansen ser med stor uro på at Vestland fylkeskommune vidarefører tradisjonen frå Hordaland om å setje skuletilbodet på spel som salderingspost i fylkesbudsjettet.
Næringsalliansen samlar Bergen Næringsråd og 13 andre organisasjonar frå det tidlegare Hordaland fylke. Sidan alliansen vart oppretta i 2008, har tilgang på god og rett kompetanse for næringslivet vore ei kampsak.
- Store deler av næringslivet på Vestlandet er eksportretta og sterkt konkurranseutsett. No skal verksemdene gjennom eit krevjande, men heilt nødvendig grønt skifte. Verdien av eit desentralisert vidaregåande skuletilbod kan i denne samanhengen knapt overvurderast, seier Espen Børhaug på vegne av Næringsalliansen. - Verksemdene treng dyktige folk. Folk må bu der verksemdene er. Vidaregåande skular som forstår kompetansebehovet i næringslivet får langt fleire unge til å bli buande.
Næringsalliansen har i år vald å gjere fylkespolitikarane uttrykkeleg merksame på verdien av skuletilbodet i distriktet. Engasjementet er vidareført av fleire av medlemsorganisasjonane i Næringsalliansen, mellom anna i Bjørnafjorden Næringsråd. I Os & Fusaposten (abo) fortalde dei mellom anna kor mykje TAF-modellen har hatt å seie for yrkesfagutdanninga.
Brevet frå Næringsalliansen, som vart send til alle politikarane før budsjettmøtet i fylkestinget i Vestland, har dette innhaldet:
Vidaregåande opplæring – ein føresetnad for utvikling av næringslivet i Vestland fylke
Vi viser til den pågåande debatten om det vidaregåande skuletilbodet i Vestland fylke. Næringsalliansen ser med stor uro på at Vestland fylkeskommune vidarefører tradisjonen frå Hordaland om å setje skuletilbodet på spel som salderingspost i fylkesbudsjettet.
Vestland fylkeskommune har som mål å vera det fremste verdiskapingsfylket i landet. I lys av dei utfordringar me ser gjennom blant anna Vestlandscenarioene 2020 vert det avgjerande viktig at dei vidaregåande skulane utviklar seg i tråd med kompetansebehovet i næringslivet. Dersom Vestland fylke meiner alvor med at det skal skapast arbeidsplassar og energi basert på naturressursane i heile fylket, må dette spegle eit opplæringstilbod med mangfald også ute i distrikta.
Næringslivet i Vestland er i god driv for å omstille kompetansen innan olje- og gassindustrien til verdsleiande grøne teknologiarbeidsplassar. Då er sparekniven på vidaregåande opplæring ein dårleg reiskap. Tett samarbeid mellom næringsliv og skule er nøkkelen for å lukkast, og næringslivet sine behov var ein viktig premiss for utforming av vidaregåande opplæring då Kompetanseforum Vestland vart oppretta.
Når debatten går om nedlegging av linjer og forslag til innsparingar, kjenner vi i Næringsalliansen på frustrasjonen på vegne av medlemsbedriftene våre. Vi minner difor om viktige innspel som er gitt frå dei regionale kompetansegruppene:
• Det må vera aksept for at det kostar meir å driva vidaregåande skule i distriktet enn i ein større by.
• Det vert aukande behov fagarbeidarar i framtida. Om dette gjer høgare kostnad, må denne kostnaden takast.
• Det må vera kontinuitet i linjene, og konjunktursvingingar i marknaden må ein tåle. Det er betre å redusera elevtal i klassar enn å legga ned linjer. Ein må ta vare på kompetansemiljøa.
Næringsalliansen i Hordaland er eit nettverk av 14 næringsråd og -organisasjonar i Vestland fylke. Alliansen representerer meir enn 3000 verksemder og 130.000 arbeidsplassar.
Desse er tilslutta Næringsalliansen: Austevoll Næringsråd, Bergen Næringsråd, Bjørnafjorden Næringsråd, Bømlo Næringsråd, Fikse - Etne og Vindafjord Næringsutvikling, Kvam Næringsråd, Kvinnherad Næringsservice, Nordhordland Næringslag, Osterøy Industrilag, Hardanger Industri, Stord Næringsråd, Tysnes Næringsråd, Vaksdal Næringsselskap, Vest Næringsråd.