Pengar på bok er godt nytt

Nordmenn har akkurat no meir pengar ståande på kontoen sin enn normalt. Det gjev håp om at varehandelen vil klara seg gjennom hausten, seier sjeføkonom Kyrre Knudsen i SpareBank 1 SR-Bank.
  • Publisert onsdag 9. september 2020

- Nordmenn har akkurat no meir pengar ståande på kontoen sin enn normalt. Det gjev håp om at varehandelen vil klara seg gjennom hausten, seier sjeføkonom Kyrre Knudsen i SpareBank 1 SR-Bank.

Den årlege varehandelsrapporten blei presentert på eit webinar hos Bergen Næringsråd i dag. Saman med regiondirektør Erik M. Throndsen i SpareBank 1 SR-Bank presenterte dei to både nasjonale og lokale tal.

Unormale tider
Varehandelen har vore gjennom nokre dramatiske måneder det siste halvåret, og dette prega årets rapport.
- Då landet stengde ned i mars, blei det voldsomme utslag for handel- og servicenæringa. Omsetninga innan overnatting, servering og turisme gjekk ned med 75-80 prosent, og kledebutikkar mista 75 prosent av salet i starten, seier Knudsen. Etter at samfunnet blei opna igjen, var det delar av varehandelen som tok igjen det tapte. Interiør, bygg og hage auka til dømes omsetnaden med 50-75 prosent.

Ned i Bergen sentrum
Ser ein på tala for Bergensregionen i «normalåret» 2019, brukte innbyggjarane 33 milliardar kroner på å handla varer. Dette er litt meir enn året før.
- Auken er største innan mat og drikke og hus og heim, medan klede, sko og sport går markant ned, seier Throndsen. Av kjøpesentra har dei i Fana/Rådal auka mest, medan Kleppestø gjekk ned med over 6 prosent. Når det gjeld Bergen sentrum, viser tala ein nedgong på 2,6 prosent i 2019. Her er det klede, sko og spesialbutikkar som går mest ned.

Spår god auke i 2020
Både sjeføkonomen og regiondirektøren i SpareBank 1 SR-Bank trur varehandelen samla sett kjem til å klara seg bra utover hausten. Dei spår ein auke for handelen på 14 prosent for heile året.
- Den viktigaste grunnen til det, er at nordmenn har mellom 100 og 150 milliardar meir «i lommeboka» no. Dette skuldast i hovudsak mindre reising og forbruk utanlands. Låg rente er også viktig med tanke på kjøpekrafta, avsluttar Kyrre Knudsen.

 

Våre hovedsamarbeidspartnere