Ny app gir oppdatert info om Sotra-trafikken

Øygarden kommune har lansert ein app som mellom anna gir sanntidsinformasjon om trafikkflyten på 10 aktuelle vegstrekningar. Det er stor trafikk i begge retningar mellom Bergen og Øygarden, og appen vil dermed vera nyttig for innbyggjarane og næringslivet i begge kommunane.
  • Publisert mandag 25. november 2024

Denne appen er ein del av prosjektet God trafikkflyt. Kommunestyret har sett av 1,2 millionar kroner til ulike tiltak som skal bidra til betre trafikkflyt både internt i kommunen og mellom Øygarden og Bergen. Så langt har ni tusen lasta ned appen som er gratis. Appen vært lasta ned i App store eller Google Play.

Den nye appen er eitt av 50 små og store bidrag i prosjektet som skal bidra til mindre kø. Dette er særleg viktig i tida fram til nytt sotrasamband vert opna i juni 2027.

Den enkle bodskapen er at dersom færre brukar bil og fleire reiser kollektivt, samkøyrer, går eller syklar, vil trafikken flyta betre. Også auka bruk av heimekontor er eit viktig bidrag. For næringslivet i begge kommunane gir betre trafikkflyt stor gevinst.

God trafikkflyt har delt tiltaka inn i tre grupper:

Eitt av dei viktigaste tiltaka er at fleire reiser kollektivt og at rutene er tilpassa dei reisande. Øygarden byggjer ut kapasiteten på fleire innfartsparkeringar. Dette er eit viktig bidrag for å redusera trafikkbelastninga til og frå Bergen.

Eit anna tiltak Øygarden kommune allereie ser effekt av, er oppmodinga om meir bruk av heimekontor for dei som har høve til det. Dette kan kombinerast med auka bruk av digitale møte. Dersom bedrifta har høve til det, kan bruk av kjernearbeidstid (til dømes kl. 10.00-14.00) redusera trafikkbelastninga i rushtida.

Andre tiltak kan vera at bedrifter, som har kapasitet til det, tilbyr kontorlokale eller andre lokale til andre bedrifter og på den måten reduserer belastninga for trafikken. God og effektiv møtekultur, færre møte og færre deltakarar og også bidrag som kan redusera køen.

Her er oversikt over alle 50 tiltaka.

God trafikkflyt

Våre hovedsamarbeidspartnere