Relasjonar: Praten undervegs er ofte det viktigaste på slike samlingar. Frå v.: Hans Jørgen Andersen (Kvam), Narve Gjeraldstveit (Voss), Bjørn Lødemel (Sogn og Fjordane), Nils Einar Steinstø (Etne og Vindafjord). Alle foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Næringsrik samling

- Næringsalliansen viser at Vestlandet står saman om dei store, viktige sakene, seier Torbjørn Brosvik, leiar av Stord Næringsråd og ein av 17 organisasjonar som tek aktivt del i Næringsalliansen Vestland.
  • Publisert onsdag 25. oktober 2023

Næringsalliansen Vestland var nyleg samla på Voss, og det var ikkje tilfeldig. Den nyaste alliansepartnaren er nemleg nyskipinga Voss Næringsråd. No representerer Næringsalliansen Vestland meir enn 3000 verksemder og over 150.000 arbeidsplassar i heile Vestland fylke.

Sjølv om næringsstrukturane kan vere ulike mellom regionane, viser samlinga at ein har svært mange utfordringar til felles. Mange bedrifter har store vanskar som følgje av forverra rammevilkår, auka arbeidsgjevaravgift, høge energiprisar og aukande renter. Offshoreverksemdene og leverandørindustrien går svært godt for tida, medan bygge- og anleggsbransjen står midt i ei krise. Nokon har store problem med å få tak i nok folk med rett kompetanse, andre vurderer permitteringar og oppseiingar.

- Næringsalliansen Vestland er samansett av næringsråd og -organisasjonar som representerer bedrifter i alle bransjar. Vi må ivareta interessene til alle desse, og då er det viktig å møtast for å dele erfaringar, seier Espen Børhaug, koordinator for Næringsalliansen og kommunikasjonsleiar i Bergen Næringsråd.

På vossasamlinga vart det tid til eit skattefagleg djupdykk, då Jarle Møen, professor ved NHH, fortale om det norske skattesystemet, med særleg vekt på formuesskatten som har ført til mykje debatt siste året. Det var óg nyttig og kjekt å høyre på Kaia Finne, næringssjef i Voss herad, og Arve Tokvam, leiar for strategi og kommunikasjon i reiselivsverksemda Norway’s Best.

­- Nokre av dei viktigaste næringsorganisasjonane i fylket har funne ei svært nyttig samarbeidsform i Næringsalliansen Vestland. Det var ei god samling, oppsummerer Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Næringsråd.

Dyktige kystdamer: Aase Nilssen (Osterøy), Nina Ingvaldsen (Bømlo) og Hege Lauvik (Austevoll).
Varm velkomst: Berit Lunde er styremedlem i Voss Næringsråd og driftssjef på Park Hotel Vossevangen, der Næringsalliansen Vestland var samla.
Står saman: – Vestlandet står saman om dei store, viktige sakene, seier Torbjørn Brosvik, dagleg leiar i Stord Næringsråd.
Næringsalliansen på Voss: Frå v.: Bjørn Lødemel (Sogn og Fjordane Næringsråd), Ståle Rørlien og Narve Gjeraldstveit (Voss Næringsråd), Hans Jørgen Andersen (Kvam Næringsråd), Hege Lauvik (Austevoll Næringsråd), Hedvig Røhnebæk (Voss Næringsråd), Nina Ingvaldsen (Bømlo Næringsråd), Tonje Tvilde (Voss Næringsråd), Espen Børhaug (Bergen Næringsråd), Ola Espeseth (Askøy Næringsråd), Synnøve Reksten Mowinckel (Bjørnafjorden Næringsråd), Nils Einar Steinstø (Fikse Næringsforening Etne og Vindafjord), Beate Korsøen (Nordhordland Næringslag), Rudi Soltvedt (Askøy Næringsforening), Aase Nilssen (Osterøy Industri- og næringslag), Kjetil Tverberg (Voss Næringsråd), Mari Pedersen Totland (Bømlo Næringsråd), Torbjørn Brosvik (Stord Næringsråd).

Våre hovedsamarbeidspartnere