Ferjefri E39 er Vestlandet sitt Inter-City samband og det viktigaste sambindingsprosjektet på Vestlandet. Det er også eit svært viktig nasjonalt prosjekt. Ferjefri E39 vil knyte saman heile Vestlandet på ein rask, effektiv og framtidsretta måte.
Pressemelding fra næringsforeningene på Vestlandet fredag 5. februar
Visjonen om eit ferjefritt samband på Vestlandet må forsterkast og vidareutviklast i Regjeringa sitt framlegg til Nasjonal Transportplan 2022-2033.
For næringslivet og for den nasjonale verdiskapinga er det heilt avgjerande at Regjeringa og seinare Stortinget legg til rette for at heile visjonen om ferjefri E39 blir vidareført og forsterka i Nasjonal Transportplan 2022-2033. Dei prioriterte prosjekta, både fjordkryssingsprosjekt og utbetringsprosjekt må få oppstartløyving i første planperiode.
Se næringsforeninganes innspel til Regjeringa om prioritering av Ferjefri E39