Det har vore 46 konkursar i Vestland frå 01.03-15.04.2020, dobbelt så mange som i fjor. Koronakrisa er mest utfordrande for reiseliv, hotell og restaurant og kultur, medan oljeprisfallet særleg råkar bransjane energi og maritim. Låg kronekurs er mest utfordrande for varehandel/detalj/engros, truleg som følgje av høgare priser på importerte varer.
Dette og meir til finn du i det felles datagrunnlaget som Regional analysegruppe 2020 utarbeider for å vera tett på kva som skjer i vårt lokale næringsliv. Datagrunnlaget blir utarbeidd med bakgrunn i de spørjeundersøkingane som blir gjort av næringsaktørar og det offentlege, og Vestland fylke samanstiller undersøkingane i eit felles dokument, sist oppdatert torsdag 16. april.
Aktørane som samarbeider i gruppa er Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Bergen Næringsråd/Næringsalliansen, Sogn- og Fjordane Næringsråd, NAV, Innovasjon Norge, NHO Vestland, KS og LO Vestland.
Har du som medlem i Bergen Næringsråd deltatt i våre undersøkingar dei siste vekene vil dine innspel vera viktig for at regionen heile tida skal ha mest mogeleg status for kva som er stoda akkurat no, kva som trengs av tiltak, og når vi må ha dei.