Havbruksnæringa kan ikkje kan vente på andre – ho må sjølv ta ansvar og vise handlekraft. Det understreka Nina Møgster frå Lingalaks og Sondre Eide på årets Fjordting. For å lykkast med det, må staten, forskingsmiljøa og næringa stå skulder ved skulder. Gjennom eit tett samarbeid kan ein finne løysingar som både vernar miljøet og driv næringa framover.
Dei to stortingspolitikarane Linda Monsen Merkesdal (AP) og Ove Trellevik (H) deltok også i debatten. Merkesdal la vekt på kor viktig det er at næringa er open om sine tal og resultat. Ho påpeika at for å bygge tillit både hos styresmaktene og i samfunnet generelt, må selskapa vere transparente i rapporteringa av dødelegheit og andre kritiske forhold.
Trellevik støtta opp om behovet for ansvar og handlekraft i næringa. Han framheva Lingalaks som eit førebilete, med ei dødelegheit på 10% samanlikna med landsgjennomsnittet på 17%. Ifølge Trellevik viser dette at bedrifter som Lingalaks, som tek ansvar og leverer solide resultat, kan vere døme til etterfølgje for andre i næringa.
Innovasjon mot lakselus
Monica Solberg frå Havforskingsinstituttet framheva korleis lukka system kan redusere smittepresset i oppdrettsområde. Nokre strategisk plasserte lukka merdar kan ha ein dramatisk positiv effekt på miljøet rundt anlegga. På spørsmål frå salen om kvifor ein ikkje berre lukkar alle merdene innan fem år, forklarte Solberg at sjølv om lukka merdar har stort potensial, krev implementering både tid og ressursar.
Næringskomiteen på Stortinget har allereie sett i gang arbeidet med å utvikle nye ordningar for miljøfleksibilitet. Dette vil gi oppdrettarar som nyttar teknologi som hindrar lakselusutslipp, moglegheita til å auke produksjonen.
Eide poengterte at sjølv om teknologien kan variere, er målet alltid det same: å stanse utsleppa. Og for å få reelle resultat, må staten bidra til å redusere risikoen for næringa. "Løysingar som minskar luseproblemet er viktige, men dei som kan fjerne lusa heilt, må få mest," sa Eide.
Både Eide Havbruk og Lingalaks satsar stort på lukka merdar, og ser på desse som eit viktig verkemiddel i kampen mot lakselus. Eide uttrykte også bekymring for at havbruksmeldinga kan favorisere landbaserte anlegg unødvendig.
"Visst det kjem for gode vilkår for landbaserte anlegg kan det gjere dei meir attraktive for investeringar, utan at dei nødvendigvis har livets rett," sa Eide.
Begge var klare på at utvikling av ny teknologi som støttar både miljø og vekst må prioriterast, men det må ikkje skje på bekostning av sjøbaserte oppdrettsanlegg,
Fjordtinget – Løysinga finn me saman!
Fjordtinget 2024 sendte eit tydeleg signal: Havbruksnæringa har store utfordringar, men også enorme moglegheiter. Gjennom eit samarbeid mellom næringa, styresmakter og forsking kan me finne løysingar som gir både berekraft og vekst.
Ansvar, innovasjon og eit felles fokus på miljø og utvikling vil vere avgjerande for å lykkast. Fjordtinget har lagt grunnlaget for vidare samarbeid – no er det viktig å handle for å sikre ei positiv utvikling for både næringa og samfunnet.