Pausar i vakre omgjevnader i Øystese under Fjordtinget. Foto: Ole Solsvik
Pausar i vakre omgjevnader i Øystese under Fjordtinget. Foto: Ole Solsvik

God stemning på Fjordtinget

07.06.2021

Fjordtinget i Hardanger vart eit yrande vårslepp for leiarar i næringsliv, forsking, forvaltning og politikarar.

Ny og berekraftig verdiskaping i og kring fjordane er avgjerande for at Vestland skal lukkast med det grøne skiftet. Det aller første Fjordtinget vart ei samling for raus meiningsutveksling om dette.

For mange av dei kring 70 deltakarane var Fjordtinget óg det første høvet til å møtast på svært lang tid.
- Å samle Fjordtinget for første gong den 3. juni viste seg å klaffe svært godt med gjenopninga etter pandemien. Folk var glade for å sjåast igjen, seier Espen Børhaug. Han er prosjektleiar for Fjordtinget, som Bergen Næringsråd arrangerte saman med Lingalaks.
- Det er usemje om mykje som gjeld havbruk og hausting av fjorden. Vi har eit ønskje om å medverke til kunnskapsbasert dialog, seier Kristian Botnen, dagleg leiar i Lingalaks.

- Fjordtinget har presentert mange gode tankar frå heilt ulike bransjar, frå finans og oppdrett til miljø og forsking. Det er alle dei som må jobbe saman for å klare å ta denne moglegheita framover.
Hans Kleivdal, konserndirektør NORCE


Fjordtinget var lagt til Øystese, som låg bada i varm forsommarsol då tingsamlinga opna. Namnet fortel at Bergen Næringsråd og Lingalaks har vore inspirert av tusen år gamle tradisjonar.
- Tingsamlingar var svært viktige i vikingtida. På Vestlandet møttes frie menn – og frie kvinner – på Gulatinget. Konfliktar vart lufta, stundom løyste, og folk møttest til sosialt samver. Vi ville at Fjordtinget skulle ha med seg noko av dette, seier Espen Børhaug.

Sissel Rogne (Havforskingsinstituttet), Maria Helsengreen (EY), Kenneth Bruvik (Norsk jeger- og fiskerforbund Hordaland), Ragnhild Janbu Fresvik (Sparebanken vest) og politikarane Marte Mjøs Persen (Ap), Terje Søviknes (Frp), Liv Kari Eskeland (H) og Alfred Bjørlo (V) var mellom dei som deltok. Deltakarane i salen deltok aktivt i dialogen med innleiarane.

Kulturhuset Kabuso var ramma kring Fjordtinget. Det vart i si tid bygd som Hordaland fylke sin tusenårsstad. Mellom programpostane gjekk praten høglytt og livleg i hagen mellom skulpturane til den kjende kunstnaren Ingebrigt Vik.

- Det å ta seg tid til dialog og debatt kan gjere at vi løyser nokre av utfordringane saman, i staden for å sitje fast i gamle forestillingar om kva som gjeld.
Maria B. Helsengreen, Partnar og leiar EY Consulting i Bergen


Vi let tingverten, vikingen Ragnvald frå Radfjorden, oppsummere Fjordtinget 2021, med desse orda frå Håvamål:

Betre børi du ber’kje i bakken
enn mannevit mykje
D’er betre enn gull
i framand gard;
vet er vesalmanns trøyst

Velkomen tilbake til Fjordtinget i 2022!