Konsekvensar av Covid-19 og oljeprisfall for næringslivet

08.05.2020

Spørjeundersøkingar frå hovudorganisasjonane og næringsråda viser at næringslivet er hardt råka av koronapandemien og/eller oljeprisfallet. 70 % av verksemdene i Vestland som svara på NHOs medlemsundersøking i veke 18, har hatt lågare omsetnad veke 13-17 enn i fjor og nesten 1 av 3 har omsetnadssvikt på meir enn 50 %

På initiativ frå Næringsforum Vestland er det oppretta ei ad-hoc analysegruppe som har som formål å kartlegge og gjere tilgjengeleg statistikk og analysar knytt til den pågåande covid-19-epidemien og oljeprisfallet og kva påverknad dette har på næringslivet i Vestland.

Nedgangen i heilt ledige held fram, men framleis over 47.000 arbeidssøkarar i fylket
5. mai var 13,9% av arbeidsstyrken i Vestland heilt eller delvis arbeidsledige, eller på tiltak. Dette er ein nedgang på 0,4 prosentpoeng frå førre veke. Frå utgangen av april til 5. mai har det blitt 3 000 færre heilt ledige, mens det har blitt litt over 1 700 fleire delvis ledige.

Talet heilt ledige under 30 år er nesten fem gongar høgare per 5. mai enn det var ved utgangen av februar (frå litt over 2 000 til 9 000). Dette er 1 000 færre enn ved utgangen av april.

Lågare etterspørsel, leveringsproblem, permitteringar og likviditetsproblem held fram
80% av respondentane i NHOs medlemsundersøking i veke 18 seier dei har merka lågare etterspørsel. Store utfordringar med forseinkingar, kanselleringar, leveransar, permitteringar og likviditet. Tala har betra seg noko sidan veke 16, men ikkje markant.

80 millionar til Vestland frå kompensasjonsordninga
Per 6. mai har 1 867 verksemder i Vestland fått kompensasjon på til saman 80 millionar kroner, som er 10% av midlane som er tildelt i Noreg under denne ordninga. Verksemder i Vestland har òg fått 629 millionar kroner gjennom Lånegarantiårdninga som vert forvalta av GIEK.

Nesten 1 000 motkonjunkturtiltak ventar på finansiering
952 prosjekt for til saman 3,36 milliardar kroner er klare dersom det kjem ei motkonjunkturpakke. I tillegg har Bergen kommune vedteke ei eiga tiltakspakke og har prosjekt for 3-400 millionar kroner klare.

Sjømateksporten går ned for første gang sidan september 2018
I april 2020 gikk verdien av norsk sjømateksport ned med 666 millionar kroner samanlikna med april 2019.

Reiselivsregionar hardt råka
Det er opptil 21 000 sysselsette i reiselivsnæringa i Vestland. Regionar med høg del tilsette innan reiseliv har ein høgare del verskemder som har permittert, slik som Voss, Hardanger og Indre Sogn. Ein kansellert cruisesesong kan gi tapte inntekter på opp mot 750 millionar kroner for næringslivet i Bergen.

Over 6000 kan miste jobben innan maritim- og offshorenæringa på Vestlandet
Olje- og gassektoren, og spesielt leverandørindustrien, slit enno med konsekvensane av førre krise og tala syner at den triple effekten av koronanedstenginga, oljeprisfallet og låg kronekurs rammer næringane som er mest avhengig av olje og gass hardt.

Breitt fall i forbruket og større BNP-nedgang enn under finanskrisa
Tal frå DNB syner at forbruket til kundane fall med 30% i veke 12, målt mot same veke i 2019, og har sidan halde seg 20-25% lågare enn fjoråret. Størst er fallet for reiselivsbransjen, med 89% fall i veke 17. Restaurantbransjen har betra seg noko etter påske, men er framleis perre på 1/3 av fjorårets forbruk.

Den berekna nedgangen i BNP for fastlands-Noreg er på nær 9%, og kostar 24 milliardar kroner i månaden. BNP-fallet i 2020 er venta å vere over 6%. Til samanlikning fall Noregs BNP med 1,7% under finanskrisa i 2009.

2 av 3 verksemder treng ytterlegare tiltak for å unngå kritiske konsekvensar
Tidleg i krisa (veke 12) var det spesielt tiltak knytt til å redusere arbeidsgivars byrde ved permitteringar og sykemeldingar som var viktige. Tiltak for å betre likviditeten var også naudsynte umiddelbart. Fire veker ut i krisa er det framleis dei same tiltaka som er viktigast.

Kommunale og fylkeskommunale tiltak er ikkje like viktige for verksemdene som statlege tiltak, men dei kan ha ein funksjon ved å leggje til rette for næringsverksemd og bidra med målretta tiltak der dei statlege ikkje treff. For rundt ein av fem verksemder er lokale tiltak vurdert som avgjerande.

Sosial ulikskap i kven som blir råka
Nasjonalt er delen permitterte blant dei med lågare utdanningsnivå nær dobbelt så høg som blant dei med høgare utdanning. Delen permitterte er også høgare blant dei med lågast inntekt, og blant menn er delen permitterte lågare jo høgare inntekta er. Bilete er litt meir samansett blant kvinner, men også her er det blant dei med lågast inntekt størst del er permittert.

Tal frå NAV Vestland viser at ved utgangen av mars var det flest arbeidsledige innan butikk- og salsarbeid, reiseliv og transport, og serviceyrke. Dette er næringar som tradisjonelt har hatt låg snittinntekt og høg kvinnedel.

Last ned og les meir om dette i arbeidsgruppa sitt felles kunnskapsgrunnlag!