PÅ BESØK: F. v. Geir Mikalsen (Bergen Næringsråd), Kristian Botnen (Lingalaks) og Espen Børhaug (Bergen Næringsråd) møttes på Lingalaks sitt visningsanlegg på Steinstø.
PÅ BESØK: F. v. Geir Mikalsen (Bergen Næringsråd), Kristian Botnen (Lingalaks) og Espen Børhaug (Bergen Næringsråd) møttes på Lingalaks sitt visningsanlegg på Steinstø.

Lingalaks ny hovudsamarbeidspartnar

20.11.2019

Lingalaks er i vekst og blir ein sterkare motor i næringslivet i regionen. No blir det familieeigde lakseselskapet ny hovudsamarbeidspartnar i Bergen Næringsråd.

Lingalaks har base i Norheimsund og oppdrettsanlegg i Kvam, Kvinnherad og Alver kommune. Selskapet ekspanderar no til Bømlo og Karmøy gjennom oppkjøp. At selskapet vel å bli hovudsamarbeidspartnar i Bergen Næringråd forklarar administrerende direktør Kristian Botnen slik:

- Vi satsar på Vestlandet og ønskjer å vere ein god partnar i den regionale næringsutviklinga. Det handlar både om å vere ein ansvarlig aktør i ei viktig næring, og å påverke rammevilkår og politiske prosessar for ein sunn og berekraftig vekst i samspel med naturen og lokalsamfunn, seier Botnen.

Lingalaks har bygd opp stor lokal kunnskap og erfaring sidan selskapet i 1978 starta verksemda med å setje ut fem tusen laks i sjøen i heimespikra merdar. I dag sel selskapet laks over heile verda, og skapar arbeidsplassar som også gjev ringverknadar i lokalsamfunn.

- Berekraftsarbeid har høg prioritet hos oss. I våre anlegg skal vi ha god fiskevelferd og lav dødelegheit utan bruk av antibiotika. God utskifting av reint vatn frå fjord, fjell og isbre sørgar for at fisken lever i eit godt miljø, seier Botnen.

Partane blei einige om den nye avtalen på Hardanger Akvasenter, som er visningsanlegget Lingalaks har på Steinstø. Næringspolitisk rådgjevar Espen Børhaug har ansvar for den marine næringa i Bergen Næringsråd, og er glad for at Lingalaks blir partnar.
- Lingalaks bidreg med god kunnskap om den viktige havbruksnæringa, og vi blir no endå betre rusta til å kjempe for ei berekraftig framtid for våre oppdrettsselskap, seier Børhaug.

Bergen Næringsråd har ti hovudsamarbeidspartnarar: Adecco, Deloitte, Evry, Equinor, Fjordkraft, Frydenbø, Handelsbanken, Harris, Lingalaks og Tryg.

- Dette er alle selskap som bidreg til høg verdiskaping i regionen vår. Lingalaks blir ein nyttig tilvekst i partnarskapet med si verksemd innan havbruk, og med solid forankring i viktige lokalsamfunn utanfor sentrum av Bergen, seier marknad- og kommunikasjonssjef Geir Mikalsen.