Jakop Kjellstad (t.v) og Jakob Monsen Hjelmeland (t.h)
Jakop Kjellstad (t.v) og Jakob Monsen Hjelmeland (t.h)

Nye studentpraktikanter på plass!

23.08.2019

Velkomen til Jakop Kjellstad og Jakob Monsen Hjelmeland som våre nye studentpraktikantar denne hausten!  

Kvart semester sidan 2008 har Bergen Næringsråd hatt praksisstudentar frå Samanliknande Politikk i samarbeid med Universitetet i Bergen. Gjennom praksisopphaldet får studentane moglegheiten til å nytte kunnskap og teori lært på studiet i praksis, samtidig som vi får litt meir arbeidskraft.  

 - Eg søkte om praksisplass fordi eg ønskte ein større variasjon i ein teoretisk skulekvardag og fordi eg ønskte å tileigne meg verdifull arbeidserfaring. Bergen Næringsråd var mitt førsteval sidan eg ønskjer å få ei betre innsikt i korleis næringslivet i Bergensregionen fungerer, samt fordi eg ønskte ein praksisplass med varierte arbeidsoppgåver. Her har eg også gode moglegheiter til sjå korleis kunnskapane mine frå studiet kan nyttast i praksis, seier Jakob.  

- For meg er dette ein unik moglegheit for å nytte min kunnskap og interesse for berekraft, næringsliv og politikk. Eg ser fram til å bli utfordra på nye måtar, og få ei innsikt i samanheng mellom det private og offentlege. Bergen Næringsråd er dermed den perfekte praksisplass. Eg ser fram til et spennande semester saman med Jakob, legg Jakop til. 

I løpet av hausten skal studentane delta i den daglege drifta av Bergen Næringsråd og i planlegging og gjennomføring av ulike arrangementer. Studentane skal også skrive ein større rapport om eit prosjekt i samarbeid med utvalde ressursgrupper i Bergen Næringsråd.