SALMA: Den første, norske merkevaren for ferskfisk vert produsert av Bremnes Seashore på Bømlo. -Vi meiner at så mykje som råd er bør foredlast i Norge, seier utviklingssjef Simon Nesse Økland.
SALMA: Den første, norske merkevaren for ferskfisk vert produsert av Bremnes Seashore på Bømlo. -Vi meiner at så mykje som råd er bør foredlast i Norge, seier utviklingssjef Simon Nesse Økland.

Sjømateventyret på Bømlo

29.03.2019

Sjømatbyen Bergen hadde halta stygt om ikkje det var for sjømatverksemdene i kystkommunane kring byen. På Bømlo finn vi Bremnes Seashore, ein av dei verkelege pionerane.

Det begynte for meir enn 80 år sidan, med Bremnes fryseri i Øklandsvågen på Bømlo. I dag får vi ei synfaring på det høgteknologiske produksjonsanlegget av utviklingssjef Simon Nesse Økland. Her hentar dei sjøvatn frå djupet av havet og kjøler levande laks ned på veg inn mot slakteriet. Det gir best fiskevelferd og minst stress for laksen.

-Vi gjorde eit unntak for statsministeren, men gjestar får ikkje komme inn i produksjonslokalet. Vi har svært strenge hygienekrav, seier utviklingssjefen, medan vi ser gjennom glaset på 40 driftige folk i travelt arbeid.

Mange har høyrt om familieverksemda Bremnes Seashore. Endå fleire kjenner til merkevaren SALMA, den superiore laksefileten som blir levert frå Bømlo. Av eit samla slaktevolum på 42000 tonn blir kring 6000 tonn foredla til SALMA og den internasjonale merkevaren BÖMLO. Det høyrest kanskje ikkje mykje ut, men verksemda trur verkeleg på foredling i Norge. Bremnes Seashore har då også investert store summar i eit avansert produksjonsanlegg.

-Med høg kvalitet på råstoffet, kompetente medarbeidarar og merkevarebygging er det mogleg å drive lønsam foredling. Og det har me tru på i Bremnes Seashore, fortel Simon Nesse Økland.

Omsynet til bærekraft er avgjerande for sjømatbransjen. I Øklandsvågen blir store ressursar brukt på utvikling av ny teknologi og eigne, patenterte produksjonsprosessar. Verksemda er med i sjømatklynga NCE Seafood innovation Cluster i Bergen. Med 21 standardkonsesjonar i ni kommunar, har Bremnes Seashore hand om heile verdikjeda, frå smoltproduksjon til pakkeri. Kvar dag går nær 20 vogntog med laks frå Bømlo og ut til kundane. Salspparatet Ocean Quality deler dei med Grieg Seafood.

-Vi produserer kring to prosent av laksen på verdsmarknaden. Men det blir no 420 arbeidsplassar og ein omsetnad på 2,7 milliardar kroner av det, óg, fortel Simon Nesse Økland.

BEDRIFTSBESØK: Espen Børhaug (til v.) frå Bergen Næringsråd har vore på besøk i den høgteknologiske verkesemda Bremnes Seashore på Bømlo. Utviklingssjef Simon Nesse Økland var vertskap og omvisar.

BEDRIFTSBESØK: Espen Børhaug (til v.) frå Bergen Næringsråd har vore på besøk i den høgteknologiske verkesemda Bremnes Seashore på Bømlo. Utviklingssjef Simon Nesse Økland var vertskap og omvisar.