Bjarte Tennfjord (til høyre) var først med bybier i Bergen sentrum. I 2013 sette han kuber på taket av Grand Hotel Terminus, og bildet er frå hausting av honning med hotelldirektør Kjetil Smørås (til venstre) og kjøkkensjef Raymond Mikkelsen (i midten).

Nytt medlem: Vestlandsbia - honning fra bybier i Bergen

08.12.2020

Vestlandsbia er ei verksemd som driftar ulike biegardar i Bergen, på Sotra og i Øygarden. Bjarte Tennfjord har drive bierøkt i 12 år, og var først ute med bybier i Bergen.

Honninga kjem frå rik og variert flora i byen; parktre, stauder, markblomster og byhagar. Til overmål hentar biene nektar frå røsslyng på Fløyfjellet!

I Bergen sentrum har Vestlandsbia fleire biegardar; på takene på Grand Hotel Terminus, KLP Eiendom, Vestland Fylkeskommune, forutan Fana Sparebank på Nesttun og på Langhaugen vgs.

De Bergenske sel honninga i resepsjonane til Terminus og Børs Hotel.  KLP og Vestland Fylkeskommune nyttar den som gåveartikkel. 

Sjå Vestlandsbias side på facebook for produkter og priser