Nytt medlem: Aldeles

02.07.2019

Aldeles er blant Vestlandets leiande produksjonsselskap for film.

Sidan starten i 2005 har selskapet produsert og samprodusert ei rekkje prisvinnande kunstfilmar, dokumentarfilmar og kortfilmar. Med utgangspunkt i dokumentarfilmen har selskapet dei seinaste åra også utforska fiksjon, sjangerhybridar og filmar som rører seg i utkanten av det ordinære.

Selskapet er eigd og drive av Elisabeth Kleppe, Turid Rogne, Kieran Kolle og Elin Sander, og har som ambisjon å produsere filmar driven av ein sterk kunstnarisk vilje og kvalitet. Filmane skal engasjere, utfordre og nå et mangfaldig nasjonalt og internasjonalt publikum.


Les mer om Aldeles på deres nettside