NY NÆRING FOR NOREG: Vindkraft kan verte ei stor næring for landet. Bergen Offshore Wind Centre skal bidra med forsking og kunnskap. Foto: Ole Jørgen Bratland Opphavsrett: Equinor.
NY NÆRING FOR NOREG: Vindkraft kan verte ei stor næring for landet. Bergen Offshore Wind Centre skal bidra med forsking og kunnskap. Foto: Ole Jørgen Bratland Opphavsrett: Equinor.

Opnar senter for havvind i Bergen

14.09.2018

Bergen Offshore Wind Centre vart offisielt opna torsdag 13. september. For Universitetet i Bergen er dette eit stort samfunnsoppdrag, seier universitetet sin energidirektør.

Havvindenergi er straum frå vindturbinar til sjøs. Området er i stor vekst i Europa og Asia. No opnar Bergen Offshore Wind Center (BOW) ved Universitetet i Bergen (UiB). Senteret samlar all kompetansen UiB har på havvind.

– UiB har bygd opp infrastrukturen og kompetansen dei siste åra, og meir skal det bli, seier UiB sin energidirektør Kristin Guldbrandsen Frøysa.

UiB har forska på havvind sidan 2009, og har vore ein sentral partner i NORCOWE.

Senteret vart offisielt opna på NORCOWE sin Science meets Industry i Universitetsaulaen.

Les mer om det nyåpnede senteret på UiBs nettside