Kristian Botnen i Lingalaks prøver å halde "business as usual" så lenge som mogeleg. Foto: Bård Valvatne, Hordaland Folkeblad.
Kristian Botnen i Lingalaks prøver å halde "business as usual" så lenge som mogeleg. Foto: Bård Valvatne, Hordaland Folkeblad.

I dag snakkar vi med: Kristian Botnen

20.03.2020

- Ingen av oss har opplevd noko som dette før, men havbruksnæringa er van med å handtere kritiske situasjonar. Øving og prosedyrar kjem godt med, fortel Kristian Botnen.

_______________________________________________________

Navn:           Kristian Botnen
Tittel:           Administrerande direktør, medlem i Ressursgruppe Marin
Bedrift:        Lingalaks
Omsetning:  ca 700 millionar kr
Tilsette:       ca 90
Kjerneverksemd: Produksjon av laks og aure i Kvam, Kvinnherad, Karmøy, Bømlo og Alver
_______________________________________________________


Korleis står det til?
- I Lingalaks og store delar av havbruksnæringa går drifta bortimot som normalt. Ingen av våre 90 tilsette har fått påvist koronasmitte. Vi har status som ei samfunnskritisk næring. Av omsyn til matforsyninga i landet, gjeld ikkje ordinære karantenereglar for nøkkelpersonell, men strenge hygienekrav har vore kvardagen vår i mange år. Vi tar råd frå styresmaktene til følgje. Dei som kan, jobbar heime.
Den internasjonale marknaden for norsk sjømat fungerer så langt, men prisane har gått ned den siste veka. Det har vore kraftige endringar i valuta og det vil slå inn på vår inntening. Restaurantnæringa ligg heilt nede, men folk må likevel ha mat.
På litt lengre sikt er vi uroa for kva som kan skje i kjeda av leverandørar og på omsetning av laks. Vi er trygge på at fôr er tilgjengeleg, men vi er óg avhengige av elektrikarar, røyrleggjarar, IT-folk og slikt i kommunane der vi er til stades.

Korleis opplever dei tilsette i bedrifta situasjonen vi nå står i?
- Eg har den siste tida vore i kontakt med så godt som alle, anten vi møtest fysisk, i telefonen eller på Skype. Nokon er forståeleg nok urolege for familiemedlemmar i risikogrupper, men dei fleste tar dette med fatning. Du må hugse på at våre tilsette er sindige hardingar, sunnhordlendingar og strilar. Det skal litt til for å setje ein støkk i desse.

Korleis blir du utfordra som leiar i desse dagar?
- Det handlar om å ta og vise ansvar. Som leiar må eg staka ut ei retning og informere tydeleg om kva det inneber. Ingen av oss har opplevd ein pandemi før, men i havbruksnæringa er vi vande med å handtere kritiske situasjonar. Beredskapsgrupper, øving og prosedyrar kjem godt med, vi har jobba systematisk med slikt over lang tid.

Kva synest du om dei ulike tiltaka frå styresmaktene?
- Eg synest tiltaka frå regjeringa er gode, men dei skulle kome tidlegare og vore tydelegare. Eg sakna ein tydeleg kommunisert leiarskap i den første fasen av koronautbrotet, det verka nesten som landet vart tatt på senga. Seinare har vi sett at dei lagar strenge karantenereglar og bryt dei sjølve. Det er ikkje tillitvekkande.

Kva synest du er det aller mest problematiske med Korona-epidemien?
- Det får så vanvittig store konsekvensar, både for næringslivet og private. Dette må sjølvsagt setjast opp mot omsynet til liv og helse, men eg stiller nokre spørsmål til fleire av tiltakspakkene som så langt er lansert. Lingalaks er ikkje i målgruppa for offentlege tiltak nett no, men vi har god kontakt med banken, for å seie det på den måten.

Kva har overraska deg positivt i denne situasjonen?
- Eg ser at evna til endring er veldig stor, i samfunnet og på individnivå. På kort tid har dei fleste av oss funne ut av ein heilt annleis kvardag. Det skapar eit samhald som vi treng no.

Korleis koblar du av?
- Eg trenar. Eg bur i Norheimsund, nær hovudkontoret vårt. Det er kort veg opp til Sjusete, der vi finn 25 kilometer samanhengande løyper. Det går i klassisk og skøyting. Når snøen forsvinn, er det fram med joggesko. Så trivst eg óg veldig godt heime med familien.

Når alt dette er over; kva trur du blir det viktigaste Korona-epidemien lærte deg?
- Alle kriser kan brukast til noko positivt. Eg trur dette gjer noko varig med måten vi arbeider på, og det er positivt. Eg håpar óg at fleire har fått augene opp for kva næringslivet betyr for samfunnet. Den meldinga må våre sentrale styresmakter også få: Det er heilt avgjerande av vi klarar å oppretthalde konkurransekrafta vår.